karrieredagen-sunnfjord.no
Bli med på
Karrieredagen
Sunnfjord 2027
Karrieredagen 2026 på Førde vidaregåande skule er avlyst, men vi satsar friskt på ny karrieredag hausten 2027!
Alle 9.- og 10.-klassingar i Sunnfjord kommune og elevar på Førde vgs. møter jobbmarknaden i Førde-regionen. Her kan bedrifter inspirere sine framtidige arbeidstakarar, og over 1000 ungdommar kan oppdage den store breidda av yrkes- og utdanningsval. På denne sida vil det komme meir informasjon når det nærmar seg Karrieredagen Sunnfjord 2027.
Kven er Karrieredagen for?
- Bedrifter og institusjonar som vil vise fram yrke, fag og utdanningar
- Alle elevar på 9. og 10. trinn i Sunnfjord kommune
- Elevar på alle trinn ved Førde vidaregåande skule
- Foreldre, skuletilsette og andre interesserte
Kvifor er Karrieredagen viktig?
Karrieredagen gir ungdommane eit tidleg møte med arbeidslivet i regionen. Utstillarane får presentere seg sjølv og styrke omdømmet til eigen bransje. Vi vil vise den store breidda av jobbtilbod. Difor inviterer vi både bedrifter, det offentlege og institusjonar til å ha stand/utstilling under arrangementet.
Kven står bak Karrieredagen?
Karrieredagen i Sunnfjord er tenkt som eit årleg arrangement. Førde Rotary klubb tok initiativet og samarbeider med Førde vidaregåande skule, Sunnfjord kommune og HUB Yrkesfag. Vi planlegg nytt arrangement på Førde vgs. hausten 2027. Informasjonen på desse sidene vert oppdatert når Karrieredagen 2027 nærmar seg.