Elevar frå desse skulane er med på Karrieredagen i Sunnfjord
Førde ungdomsskule, Naustdal skule, Sande skule, Skei skule, Viksdalen skule, Vassenden
skule og Førde vidaregåande skule.
Førebuing i klasserommet – tips til samtalar, filmar og aktivitetar før besøket.
Lenkesamlingar henta frå utdanning.no og karriereveiledning.no:
Interesseveljaren:
Viser utdanningsretningar knytt til ulike interesseområde.
Studieveljaren:
Viser ulike studietypar studiestadar knytt til interessefelt samt poenggrense for inntak.
Fagskuleveljaren:
Her finn du informasjon om fagskuleutdanningar, inntakskrav og kva ulike fagskuletilbod som finst.
Utdanningskompasset:
Viser kva for utdanningar som finst innan ulike
interesseområde. Viser utdanning på alle nivå (vidaregåande, fagskule,høgskule/universitet)
Jobbkompasset:
Gjev informasjon om både kva for yrke som finst og kva dei inneber. Tek utgangspunkt i ulike interesseområde.
Tips om val av vidaregåande utdanning
Velg videregående – utdanning og muligheter | Karriereveiledning.no | Karriereveiledning.no. Her finn du lenkjer til quiz, filmar, artiklar og tips som kan hjelpe deg når du skal velje vidaregåande utdanning.
Tips om val av høgare utdanning og fagskuleutdanning
Studievalg, høyere utdanning og videreutdanning | Karriereveiledning.no | Karriereveiledning.no. Her finn du quiz, KI-verktøy og korte filmar.
Tips om korleis du kan gå fram for å søkje jobb når du er under 18 år.
Vurderer du å gå på folkehøgskule?
Folkehøgskole | Utdanning.no Her finn du fakta om
kva folkehøgskule er og informasjon om dei ulike skulane som finst.
Har du du lyst til å ta utdanning i utlandet?
Utdanning i utlandet | Utdanning.no Her finn du tips og råd frå elevar som har vore på utveksling medan dei anten gjekk på vidaregåande skule eller tok høgare utdanning. Du finn også informasjon om det å ta heile utdanninga i utlandet.
Skal du snart bli lærling/ta opplæring i bedrift?
Her finn du tips og råd om korleis du kan finne lærebedrift sjølv. Slik kan du finne en lærebedrift selv | Utdanning.no
Elevoppgåver før, under og etter – enkle oppgåver som hjelper elevane å reflektere over val av utdanning og yrke.
1. Ta interessetestane på nettsida Vilbli.no.
og skriv ned dei tre utdanningsprogramma som du
samla sett får høgast skåre på (dei mest aktuelle for deg).
Interessetestoppgaver | Videregående opplæring - vilbli.no
2. Finn ut kva for utdanningstilbod dei ulike vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane tilbyr.
Tips: Bruk oversikta på fylkeskommunen si nettside: Vidaregåande skular i Vestland - Vestland fylkeskommune
● Nordfjord: Måløy vgs., Eid vgs., Firda vgs., Stryn vgs.
● Sunnfjord: Førde vgs., Flora vgs., Dale vgs.
● Sogn: Sogndal vgs., Sogn jord- og hagebruksskule, Årdal vgs., (privat internatskule:Sygna vgs.)
3.Finn ut kva for utdanningsprogram du ikkje har mogelegheit til å ta på vg1-nivå i Sogn og Fjordane.
Tips: samanlikn oversikta i oppgåve 1 med lista over utdanningsprogram på nettsida Utdanningsprogrammene | Videregående opplæring - vilbli.no .
4.Bruk oversikta over bedrifter
Bruk oversikta over bedrifter som skal ha stand på karrieredagen og plukk ut 3 ulike bedrifter du vil lære meir om. Les om bedriftene på nettsidene deira og skriv minst 5 faktasetningar om kvar av dei.