Bli med på Karrieredagen 2026

Karrieredagen i Sunnfjord er ein møtestad der elevar, føresette og andre interesserte kan lære
meir om lokalt næringsliv og dei forskjellige yrke ungdommane kan velje i dag. For å vise den
store breidda av jobb- og utdanningstilbod er både private og offentlege bedrifter og institusjonar
inviterte til å ha stand/utstilling under arrangementet.

 

For kr. 6000,- + mva. får kvar utstillar ein standplass (inkl. bord/straum) og profilering på
heimesida vår.Eit overskot vil i hovudsak gå til diverse elevkonkurransar og gåver til klassane som deltek.
Utstillarane vil møte inspirerte og engasjerte elevar. Skulane lagar opplegg for elevane som
også skal løyse diverse oppgåver i samband med Karrieredagen.

Praktisk informasjon Påmelding utstillarar

Desse utstillarane deltek

Under arbeid

Årets utstillarar